På fredag vakna eg til ljoden av meldingar som tikka inn på mobilen. I halvsøvne forstod eg ingenting av dei: «Hehe, bra ;)», «Nice», «Såg deg!» og så bortetter. Fyrst då eg kom på arbeid, og gjorde klar avisene til sal, forstod eg kva det var:

Framsida av Rana Blad 18. mars 2011 1
To sider midt i avisa – og på framsida? Kva farsken? Eg skjøner framleis ikkje korleis journalisten fekk til det. Då ho var innom og stilte eit par spørsmål, så svara eg typisk «øh, ja. Ehe veit ikkje. Tja. Hmm», og utifrå det fekk ho meining? Godt jobba! Men måtte det på framsida?
I helga vart eg gjenkjent ikkje berre av folk som plar vera innom, men også av heilt ukjente. Veldig artig og flaut på same tid.
- biletet motteke på MMS frå Tom