Quantcast
Channel: Boba.no »» Simon
Viewing all articles
Browse latest Browse all 10

Barsk bakar baka bollar

$
0
0

Det er deilig å ta seg ein kontordag midt i veka. Ingen timar i kiosk, berre fokus på å få unna papirarbeidet.

Eg starta dagen, som vanleg, med stekt egg på brød. Etterkvart skulle eg koma meg på trening, men eg fann ikkje skoa mine. Eg surra litt rundt i leilegheita og leita etter dei. Det viste seg at dei låg under baggen. Flaut. Før eg våga meg ut i trafikkaoset som er Ytteren i desse dagane, fylte eg spylevæske på bilen. Heilt urelatert, sjølvsagt, men det var i alle fall det eg gjorde før eg la på veg.

Etter trening drog eg altså på arbeid. Der snurra eg litt på kontorstolen, fekk unnagjort all papirarbeidet som venta på meg, og fekk attpåtil tid til overs til å sjekka om det var noko nytt på firmaveven. Det var det ikkje. Klokka 14 hadde eg time hjå ein glasmeister. Eg hadde nemleg fått steinsprang på frontruta av bilen. I desse kalde dagane er det fare for at ruta sprekk viss du har steinsprang, så eg tenkte at det var best å få det gjort unna så snøgt som råd. Ein time seinare var heile to hol fiksa, og ruta klar til å takla vinterstresset. Og alt gjekk på forsikringa. Ingen eigendel, ingen trekk i bonusen. Skal du ha bilforsikring, er kasko tingen! Eg fekk attpåtil ei isskrape med meg då eg drog. Triveleg!

I går var eg og såg Piranha i 3D. I dag fekk eg lyst å baka bollar. Veit ikkje om det hadde nokon samanheng, men eg stakk i alle fall innom butikken og handla det eg trengte på veg heim. Bollebaksten hendte på barskt og mandig vis. I staden for varsam elting, var det råhard knaing i ti minutt. Så var det tredve minutt med pushup (= heving). Eg rulla ut bollane og la dei på eit macho steikebrett, der dei fekk kvila på maskulint vis i ein times tid. Så bar det inn i omnen for ti minutt med skjærseld, før dei var ferdige. Bollane vart gode. Og jævla svære. Ein bolle er nok til å metta dette hushaldet for ein dag, så muskuløse er dei. Eg var redd dei største skulle vera råe – like rå som som den barske bakaren – men det gjekk høveleg greit.

I kveld skal eg eta bollar og sjå Filmbonanza på NRK2.

Dagens barske låt: Barnevaktene – Kvakk Kvakk

(Kva tykkjer forresten folk om desse dagbok-innlegga, og soundtracket eg har vald ut til dei?)


Viewing all articles
Browse latest Browse all 10